Kort orientering om skulen si historie:
Stiftelsen Møre Ungdomsskule Ålesund starta hausten 1996 med til saman 22 elevar fordelt på to klasser. Året etter auka elevtalet til 50 og deretter til 70-80 elevar i året fram til hausten 2002. Då blei det tatt inn ei ekstra klasse, og rundt 100 elevar fekk plass. Skuleåret 2021/22 er vi 123 elevar fordelt på fire klasser på ungdomstrinnet og tre klasser på barnetrinnet. Skulen starta i leigde lokaler på Ålesund Folkehøgskule (tidlegare Borgund) og var der dei første åra, men frå 2001 har skulen hatt eigne lokaler på Hatlehol.
Hausten 2020 starta vi med barnetrinn, og namnet blei endra til Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. Vi starta opp med 1. og 2. klasse, og bygger på med nye klassetrinn etterkvart. I oktober 2020 flytta vi inn i det nye, flotte bygget vårt der det er store, gode og fargerike lokalitetar.
Her kan du lese meir om oppstarten:
I styremøte 3. juni 1988 (sak 99/88) sette styret for Sunnmøre Indremisjon ned ei skulenemnd for Borgund Folkehøgskole. Oppdraget for nemnda var: Kva skal ein i framtida bruke Borgund Folkehøgskole til? Fylgjande stikkord var aktuelle: Folkehøgskule, ungdomsskule, vidaregåande skule.
Då nemnda etter fleire år avslutta arbeidet sitt, var oppstart av ungdomsskule nemnt som eit mogeleg alternativ saman med andre, men her var ingen konklusjon om å at det burde oppstartast ungdomsskule.
På eit sammøte mellom styret for Borgund Folkehøgskole og styret for Sunnmøre Indremisjon 14. november 1992 var framtidig skuledrift tema. På dette møtet vart oppstart av ein kristen ungdomsskule også drøfta, og i styremøte 5. desember 1992 (sak 159/92) vart det sett ned ei arbeidsgruppe for å vurdere om det kunne etablerast ein privat ungdomsskule i Ålesund-området.
29. januar 1993 vart det sendt søknad til departementet om godkjenning av privat ungdomsskule.
Saka vart så handsama på årsmøte i Sunnmøre Indremisjon i Langevåg i juni 1993. Etter ein langvarig debatt der mange var negativt innstilte til å starte ein slik skule, vart det vedteke å ta saka opp att på neste årsmøte. Som ein del av saksførebuinga vidare skulle det gjerast ein marknadsanalyse med tanke på behovet for ein slik skule.
Vinteren og våren 1994 vart det også utarbeidd skuleplan.
Saka vart så handsama på årsmøtet i 1994 (på Borgund Folkehøgskole). Også her var det mange som talte imot, men under avstemminga vart det eit stort fleirtal for oppstart.
Handsaminga i departementet tok urimeleg lang tid. Det kom stadig nye signal frå departementet om korleis ting måtte vere for å få godkjenning, og endeleg godkjenninga kom ikkje før enn i mai 1995.
Etter at skulen fekk godkjenning, har tilhøvet til Ålesund kommune, Statens utdanningskontor på Molde og departementet stort sett gått knirkefritt.
Rektor vart tilsett frå 1. januar 1996, og frå 1. august var tre lærarar tilsette i deltidsstillingar.
Dette første skuleåret starta med seksten 7. klassingar og seks 8. klassingar. Kven som var mest spent på korleis dette skulle gå, er vanskeleg å svare på, men både spenninga og gleda var stor.
Neste skuleår var elevtalet om lag 50, 3. året om lag 70 og så har talet lege på rundt 80 til og med skuleåret 2001 /2002. Frå og med skuleåret 2002 / 2003 har skulen hatt 4 klasser og vel 100 elevar.
Dei første åra held skulen til i leigde lokale på Borgund Folkehøgskole og i brakker og paviljongbygg som skulen fekk sett opp. Frå hausten 2001 har skulen halde til i eigne lokale.
I 2011 bygde vi ut, og fekk mellom anna det flotte amfiet vårt.
Hausten 2020 starta vi barnetrinn, og flytta inn i nytt stort bygg i oktober.