Inntaksreglement gjeldande frå 1. september 2019.
§1 – RETTAR
Inntak av elevar ved Møre barne og ungdomsskule Ålesund skjer i samsvar med Friskolelova, § 3-1.
Alle som er i aktuell aldersgruppe kan søke om plass. Vi har heile landet som inntaksområde.
§ 2 – PRIORITET
Søknadane vert nummererte i den rekkefylgja skulen mottek dei.
Elevane får tilbod om skuleplass i den rekkefylgje dei søker. Dersom søknaden til skulen er større enn kapasiteten, har born til tilsette ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund fortrinnsrett til skuleplass. Elevar som på denne måten blir prioritert, kan likevel ikkje fortrenge dei som allereie har fått plass.
§ 3- FRISTAR OG AVGRENSINGAR
1: Vi startar opptak av elevar ca 15. oktober, året før skulestart.
Elevar på eventuell venteliste og søknader som kjem inn etter hovudopptaket får tilbod om plass fortløpande for dei trinn som har ledige elevplassar.
2: Styret for skulen avgjer før 1. oktober kor mange elevar som skal takast inn på kvart trinn.
§ 4- PROSEDYRE
Normal prosedyre ved inntak:
§ 5- KLAGERETT
Søkarar har klagerett etter Forvaltningslova §28. Fylkesmannen er klageinnstans. Klagen må vere skriftleg og skal sendast via skulen innan tre veker.
§ 6- VEDTAKSRETT
Inntaksreglement og endringar på inntaksreglementet vert vedteke av skulestyret.
Vedteke i Styret for Møre Ungdomsskule 2. september 2019.

- Føresette sender inn søknad på eige skjema.
- Skulen stadfestar skriftleg at søknaden er motteken og gir opplysning om kva plass søkjaren har på søkjarlista. Dette skal skje innan tre veker.
- Skulen startar opptak av elevar 15. oktober året før skulestart. Opptaket skjer etter oppsett liste over innkomne søkarar. Vi sender så ut vedtak om skuleplass.
- Føresette stadfestar skriftleg på eige skjema om dei tek imot skuleplassen eller ikkje.
- Før 1. april må det betalast eit depositum som stadfesting på at ein ønsker skuleplassen. Depositumet vert rekna som ein del av skulepengane og vert avrekna mot innbetalinga av skulepengane.
- Betalt depositum vert ikkje tilbakebetalt om eleven trekkjer søknaden sin, eller ikkje møter til skulestart.
- Skulen sender melding til eleven si heimkommune.