VEDTEKTER FOR STIFTELSEN OG SKULEN MØRE BARNE- OG UNGDOMSSKULE ÅLESUND
§ 1
Stiftelsen skal eige og drive Møre barne- og ungdomsskule, Ålesund, med dei utvidingar eller innskrenkingar som fylgjer av det skulebehovet som er aktuelt til ei kvar tid. Stiftelsen kan leige eller eige lokale til si skuledrift.
§ 2
Skuleverksemda til stiftelsen skal vere forankra i dei kristne grunnverdiane slik desse kjem til uttrykk i Bibelen og dei evangelisk-lutherske vedkjenningsskriftene. Skulen kan også ta opp elevar som står utanfor evangelisk-lutherske trussamfunn.
§ 3
Styret er stiftelsen og skulen sitt øvste organ.
§ 4
Styret til Sunnmøre Indremisjon er stiftelsen sitt råd.
Rådet sine oppgåver er fyljande:
a) Val av styret for Møre barne- og ungdomsskule Ålesund.
b) Velge revisor, godkjenne rekneskap og årsmelding etter førebuing/innstilling frå styret. Gjennomgå styrets budsjett.
c) Avgjere kjøp og sal av fast eigedom. Inngå leigeavtalar.
d) Kome med innstilling til styret ved tilsetjing av rektor og undervisningsinspektør.
e) Rådet kan vedta endring av statuttar og vedtekter etter forslag frå styret.
f) Halde minst to rådsmøter pr. år.
§ 5
Styret skal ha fem medlemmar og inntil tre varamedlemmar. Medlemmane vert vald av rådet, for tre år, medan styreleiar, nestleiar og varamedlemmar vert valde for eitt år. Representant for vertskommunen, elevrådet, foreldrerådet, pedagogisk personale og andre tilsette, har rett til å vere på styremøta, seie si meining og få det ført i protokollen.
§ 6
Grunnkapitalen for stiftinga er kr 75 000,-. Drifta av stiftelsen er ikkje meint å gi økonomisk overskot. Eventuelt overskot skal kome skuledrifta til gode.
§ 7
Skulen si drift er sikra ved ein leigeavtale mellom Stiftelsen Møre Ungdomsskule og Borgund folkehøgskule. Ein tek seinare sikte på å drive skulen frå eigne leigde lokale eller kjøpte lokale. Skulen har sine undervisnings- og administrasjonslokale i Ålesund.
§ 8
Styret sin leiar skriv under på stiftelsen sine vegne. Styret kan meddele prokura.
§ 9
Dersom verksemda til Stiftelsen skal avsluttast, krev dette 2/3 fleirtal i rådet på to lovlege etterfyljande rådsmøter. Etter at endeleg vedtak om å avslutte verksemda er fatta av rådet, skal styret søke fylkesmannen om omdanning slik at midlane kan brukast til anna skuleverksemd som stiftaren står bak.
Vedteke i styret for stiftelsen og skulen Møre ungdomsskule, 25. oktober 2016
Godkjent 1/11/2016 av Lotteri og Stiftelsestilsynet
Vedteke endring av ordlyd i §6 i styret for stiftelsen Møre Ungdomsskule 28.09.2017.
Skulen skifta namn til Møre barne- og ungdomsskule Ålesund frå 1. august 2021.