Meir enn ein skule.
Møre barne- og ungdomsskule Ålesund er ein kristen friskule som ligg på Hatleholen (mellom Flisnes og Blindheim). Møre ungdomsskule åpna i 1996, og frå august 2020 utvida vi skulen med nytt bygg og barnetrinn. No heiter skulen Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. I august 2020 flytta vi også inn i det flotte nybygget vårt. Her er det gode, fargerike og praktiske lokalitetar og eit stort og fint uteområde. Vi utvidar barneskulen år for år. Komande haust har vi for første gong klasse på mellomsteget i barneskulen. Vi har framleis nokre ledige plassar for komande 1.klasse, og god plass til nye elevar frå 2. til og med 5. klasse. I det nye tilbygget er det gode, lyse rom til barneskulen, fleire rom til ungdomsskulen og nytt skulekjøkken. På sørsida av skolen har vi eit stort uteområde. Dette er eit lunt og solrikt område som gir flotte høve til leik og aktivitet i naturen. Med kort veg til både fjøre, skog og fjell åpnar dette for mange spennande aktiviteter i vårt nærområde! Vi gler oss over skuledagar der vi mellom annan kan grille i gapahuken, klatre i tre, plukke bær, gå på skattejakt i fjøra, lage akvarium på stranda, gå på oppdagelesesturer i skogen, skrive eventyr om våre små og store ekspedisjonar, og mykje, mykje meir. Vi brenn for ein skule der barna får blomstre og utvikle seg i eit trygt miljø med trygge vaksne som ser kvar enkelt. Velkommen til å søke om plass ved skulen vår! Opptak til nytt skuleår skjer på hausten året før skulestart. Vil du søke plass i klasser som er gang, vil vi svare fortløpande ettersom det kjem søknader. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål! |
|
Fokusområde
Læreplanar
Skolen følger læreplanane frå Utdanningsdirektoratet, som i dei offentlege skulane. Møre barne- og ungdomsskule har sin eigen læreplan i KRLE med utvida plass til kristendomskunnskap. Det kristne verdigrunnlaget vert synleggjort i faga. (synliggjøringskrav)
Verdigrunnlag
Skolen sitt verdigrunnlag bygger på det kristne livssynet. Dette ønsker vi skal kome til uttrykk gjennom skolekvardagen, i undervisninga og i vårt møte med den enkelte elev og heimane. Dette tyder mellom anna at vi startar skoledagen med å be ei fast bønn i klasseromma og at vi har ei morgonsamling der kristne verdiar kjem til syne gjennom fortellingar og tema.
Vi ønskjer å løfte fram verdiane frå det kristne menneskesynet i vårt arbeid med å utruste barna til å møte livet og framtida, bli sjølvstendige og ta ansvar for seg sjølve og sine medmenneske. Vi er opptekne av at dette er noko som må skje gjennom eit godt samarbeid mellom heim og skule.
Våre verdiar
På Møre barne- og ungdomsskule vil vi:
Skoleskyss:
Barnet har rett til fri skoleskyss innan eigen kommune dersom avstanden mellom heim og skule er over 2 kilometer. Dette gjeld dei yngste elevane. Deretter er grensa 4 kilometer. Elevar som bur i andre kommuner enn Ålesund, har rett til fri skyss fram til kommunegrensa i si heimkommune.
Du finn oss her:
Ramsvika 3, 6012 Ålesund
- Trivsel og godt læringsmiljø
- Uteskole og læringsstilar
- Lese- og skriveopplæring
- Matematikkopplæring
- Kristent verdigrunnlag
Læreplanar
Skolen følger læreplanane frå Utdanningsdirektoratet, som i dei offentlege skulane. Møre barne- og ungdomsskule har sin eigen læreplan i KRLE med utvida plass til kristendomskunnskap. Det kristne verdigrunnlaget vert synleggjort i faga. (synliggjøringskrav)
Verdigrunnlag
Skolen sitt verdigrunnlag bygger på det kristne livssynet. Dette ønsker vi skal kome til uttrykk gjennom skolekvardagen, i undervisninga og i vårt møte med den enkelte elev og heimane. Dette tyder mellom anna at vi startar skoledagen med å be ei fast bønn i klasseromma og at vi har ei morgonsamling der kristne verdiar kjem til syne gjennom fortellingar og tema.
Vi ønskjer å løfte fram verdiane frå det kristne menneskesynet i vårt arbeid med å utruste barna til å møte livet og framtida, bli sjølvstendige og ta ansvar for seg sjølve og sine medmenneske. Vi er opptekne av at dette er noko som må skje gjennom eit godt samarbeid mellom heim og skule.
Våre verdiar
På Møre barne- og ungdomsskule vil vi:
- sjå den enkelte og gjere kvarandre gode
- søke kunnskap og oppleve meistring
- engasjere og utfordre kvarandre
- vi vere rause og vise omsorg
- la kristne verdiar kome tydeleg fram