Ny prosjektleiar tilsett
Gul dag
Rett før påske hadde vi gul dag på skulen. Elevar og tilsette kledde seg i gult, og det var pynta med gule ballongar, gule band og gule plakatar med dikt. Vi hadde gul skriblevegg, gul quiz og 9A som var arrangør hadde baka gule bollar og muffins med gul glasur. God stemning og mange glade fjes. Til og med dei tilsette smilte då dei fann gul "parkeringsbot" på bilane sine.
|
Ut på tur...
På Møre Ungdomsskule Ålesund er vi stadig på turar og andre aktivitetar. Dette er med på å utvide perspektiv, utvikle vennskap og gir betre plattform for læring. Skulen ligg flott til, med både fjell og sjø i nærområdet. Dette gir oss mange gode opplevingar, men vi er og på turar lengre unna.
Fellessamling
Kvar dag har vi felles samling for alle elevar og lærarar i amfiet. Elevene kan gjerne være med og spille og synge.
Kantine
En fin gjeng...
Dette skuleåret er det 112 elevar ved skulen. Ein super gjeng frå til saman fem ulike kommunar. Her er mange av dei samla i det flotte amfiet vi har på skulen.