Vedtekter for skulefritidsordninga ved
Møre barne- og ungdomsskule Ålesund
§ 1. Definisjon og formål
Skulefritidsordningane er eit tilrettelagt omsorgs- og fritidstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for barn i 1. - 4. klasse, og for barn med særskilte behov i 4. – 7. klasse. Innhald og verksemd i skulefritidsordninga skal vere prega av barn sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Funksjonshemma barn skal bli gitt gode utviklingsvilkår.
§ 2. Eigar
Stiftinga Møre barne - og ungdomsskule Ålesund er eigar av skulefritidsordninga. Det administrative ansvaret er delegert til rektor.
§ 3. Opptak
Tildeling av plass i skulefritidsordningane er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, og kan klagast på. Ei eventuell klage skal leverast rektor for ny vurdering. Dersom rektor opprettheld vedtaket, blir klaga sendt til klagenemnda som er endeleg klageorgan.
§ 5. Oppseiing og endring
Oppseiingstida er to månadar rekna frå den 01. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved reduksjon av plass. Oppseiing og søknad om endra opphaldstid må sendast skulen ved SFO-leiar.
§ 6. Foreldrebetaling
Satsar for foreldrebetaling blir fastsett av styret for skulen. Nye satsar blir som regel gjeldande frå 01.01. Betaling for opphald har forfall den 15. i kvar månad. Gjeldande satsar vil du finne på nettsida til skulen under SFO.
Foreldrebetaling blir krevd inn over 10 månadar. Dvs. frå og med august månad – til og med mai månad i det etterfølgjande året. Det skal betalast opphaldsavgift for heile månadar. For elevar som blir meldt inn etter skulestart eller i løpet av driftsåret, blir det krevd foreldrebetaling for full månad f.o.m. den månaden eleven er innmeldt i ordninga.
Skuleåret 24/25 er siste år med 25 % søskenmoderasjon for barn nummer to eller fleire.
§ 7. Friplass
Hovudregelen er at det ikkje er friplass i skulefritidsordninga.
§ 8. Manglande betaling
Ved manglande betaling vil plassen bli sagt opp. Ubetalt opphaldsavgift for tidlegare plass i SFO, for dette barnet eller søsken, må betalast før SFO-plassen kan takast i bruk.
§ 9. Leike- og opphaldsareal
Leike- og opphaldsareal i skulefritidsordninga skal vere tilpassa den aktiviteten som blir driven. Det må til ei kvar tid vurderast kor mykje areal som skal takast i bruk utanom basen i ordninga.
§ 10. Opphaldstid
SFO startar 07:30 og sluttar 16:30, måndag – fredag. SFO følgjer skuleruta, men tilbyr opphald 08:00-16:30 i følgjande feriar:
• 2 veker før skulestart i august.
• Haustferie og vinterferie.
• Veka etter skuleslutt i juni.
SFO har fem planleggingsdagar i skuleåret, og SFO er stengt då. Desse dagane ligg ikkje inne i betalinga. SFO held stengt i skulefrie dagar rundt jul og påske.
§ 11. Bemanning og leiing
SFO har dagleg leiar. I tillegg tilstrekkeleg med barne- og ungdomsarbeidarar eller assistentar.
Det skal vere minst ein vaksen pr. 15 barn. For barn med særskilde behov og funksjonshemma barn kan de søkast kommune/PPT om ekstra bemanning. Rektor har det pedagogiske og økonomiske ansvaret for SFO. Dagleg leiar har delegert mynde frå rektor, og har ansvaret for den daglege drifta.
§ 12. Teieplikt
Medlemmar i styrande organ for skulefritidsordninga og dei tilsette har teieplikt etter same reglar som gjeld for tilsette i grunnskule, jamfør friskolelova §7-3 og forvaltningslova § 13.
§ 13. Ansvar/forsikring
Skulen er ansvarleg for at elevane er forsikra, jamfør friskolelova § 7-1b og forskrift til friskolelova kap. 7A
§ 14. Vedtektene gjeld frå 4. juni 2020
Desse vedtektene er gjeldande frå vedtaksdato gjort i styret for skulen.
§ 15. Endring i vedtektene
Styret for Møre barne- og ungdomsskule, Ålesund skal godkjenne endringar i vedtektene.
Vedteke i styret for Stiftinga Møre barne- og ungdomsskule, Ålesund 4. juni 2020.

- Rektor har ansvaret for opptaket.
- For søknadar til hovudopptaket skal det tildelast plass til alle born på 1. – 4. årstrinn og elevar med særskilde behov på 5. – 7. årstrinn i skulefritidsordninga ved skulen.
- Søknadar mottekne etter fristen blir sett på venteliste, og tildelt plass ved ledig kapasitet.
- Dersom ikkje alle søkjarane får plass, skal det prioriterast ut frå følgjande kriterium:
- Funksjonshemma born
- Dei yngste framfor dei eldste
- Andre særskilde grunnar
- Søknadsfrist til hovudopptaket er 1.mars for oppstart i august.
- Frist for søknad til hovudopptaket blir sendt til føresette for elevar ved skulen via dei vanlege kommunikasjonsformene skulen nyttar til kontakt med foreldre/føresette.