Årsplan SFO 2022-23
Våre verdiar
- På SFO er det trygt å vere.
- Vi har det gøy.
- Vi gjer kvarandre gode.
- Vi spør om tilgiving og vi tilgir.
- Vi inkluderer alle.
Kva tydar det i praksis?
På SFO er det trygt å vere:
- Alle barna i SFO har rett til eit trygt og godt miljø som fremmer helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova § 9 A-2.
- Alle barna skal oppleve seg sett og høyrt.
- Alle barna skal oppleve rettferd og at den enkelte er verdifull.
- Dei vaksne legg til rette for god og variert leik.
- Barna skal oppleve meistring og glede gjennom å prøve nye ting.
- Barna får utfalde seg kreativt på ulike arenaer.
- Vi heier på kvarandre med gode ord. I konkurranse og når det ikkje er konkurranse. Når vi tapar og når vi vinn.
- Vi oppmuntrar.
- Vi gir trøyst når nokon treng det.
- Vi lar den andre få prøve først.
- Når nokon blir lei seg er vi rask med å seie unnskyld og be om tilgiving.
- Når andre spør om tilgiving er vi rask med å gi det.
- Vi reparerer venskapen.
- Alle passer på at alle har nokon å leike med.
- Det er lov til å leike åleine, viss man ønsker det, men alle skal bli spurt om å vere med i leik.
- Det er alltid plass til fleire i leiken.
Tidsplan for SFO (kan bli endra i løpet av året)
Tid |
Mandag |
Tirsdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
13:15 |
x |
x |
x |
Fri leik inne |
Fri leik inne |
14:00 |
Mat |
Mat |
Mat |
Varm mat |
Mat |
14:30 |
Uteleik |
Uteleik |
Uteleik |
Uteleik |
Uteleik |
ca 15:30 |
Styrt aktivitet/inneleik |
Styrt aktivitet/inneleik |
Styrt aktivitet/inneleik |
Styrt aktivitet/inneleik Ha-med-dag |
Styrt aktivitet/inneleik Ha-med-dag |
SFO-base
SFO har inneleik på det klasserommet som ligg ved skulekjøkkenet.
Vi har fleire aktivitetar vi tilbyr barna, blant anna: matlaging, fysisk aktivitet/leikar ute og inne, danseparty og ulike former for hobby/handverk. Mest av alt legg vi til rette for den viktige frie leiken som barn har behov for.
Måltid:
Det vert servert mat på SFO kvar dag. Det er varm mat på menyen ein dag i veka. Dei andre dagane serverer vi brødmat eller anna lunsjliknande mat. Barna får vere med å lage til når dei har lyst. Vi gir barna variert og sunn kost, og oppmuntrar dei til å smake på nye ting.
Ved henting:
SFO-personalet må alltid få vite at barnet er henta. Vi ønsker og å lære barna at vi seier “takk for i dag” og “ha det bra” når vi går heim.
Barnet skal aldri hentast av nokon andre enn dei som er oppgjeven av føresette, dersom det ikkje føreligg skriftleg/munnleg beskjed frå føresette. Dette gjeld og når barnet skal vere med andre barn heim. Då må føresette til barnet informere SFO om dette så snart dei veit det.
Det er muleg å gjere avtaler om at barnet skal få gå heim til ein fast tid. Då vil SFO-personalet hjelpe slik at barnet får med seg tinga sine.
Vi ønsker ikkje at barnet skal få bli lenger på SFO etter at det er henta. Nokre barn vil ikkje bli henta, og dei færraste føresette har moglegheit til å kome att om ein time når barnet vil vere lengre på SFO. Derfor gjer vi det likt for alle. Når ein er henta, så er ein henta.
Vi vil lære barna å halde orden i tinga sine. Ved henting skal ingen sko stå på golvet og alle kle skal vere på rett plass. Innesko skal opp på hylla.
Ha-med-dag
Enkelte dagar veka får barna ta med seg leiker heimanfrå. Det er kjekt at barna får vise fram og dele leikene sine med dei andre på SFO. Barna må vere innstilt på å dele og låne vekk og det er deira ansvar at leikene kjem heim i heil og god stand. Vi vaksne vil sjølvsagt hjelpe dei med dette.
Opningstid
SFO er open skuledagar frå kl. 07:30 til skulestart, og frå skuleslutt til kl. 16:30.
Skulestart kl. 08:30
Skuleslutt kl. 14:00 mandag-onsdag og kl 13:15 torsdag-fredag.
SFO følgjer skuleruta.
SFO-tilbod i feriar:
Opningstida i feriar og fridagar er frå 8:00-16.30, med kjernetid frå 10.00-13.00. I denne kjernetida kan SFO være ute på tur. Levering og henting av barn ved SFO-basen er derfor ikkje mogleg då.
Det vert skriftleg påmelding til SFO-leiar Karina Leine for SFO i feriar og fridagar.
Pris og tilbod
5 dagar i veka, før og etter skulen og i skuleferiar kr 3250,- (betaling i 11 månader av året)
3 dagar i veka, før og etter skulen og i skuleferiar kr 2275,- (betaling i 11 månader av året)
5 dagar i veka, etter skulen og i skuleferiar kr 2550,- (betaling i 11 månader av året)
5 dagar i veka, før og etter skulen kr 2950,- (betaling i 10 månader av året)
3 dagar i veka, før og etter skulen kr 2100,- (betaling i 10 månader av året)
5 dagar i veka, etter skuleslutt kr 2400,- (betaling i 10 månader av året)
Matpengar kr 200,- pr månad kjem i tillegg.
Ved akutt eller uventa behov kan ein kjøpe enkeltdagar på SFO for kr 300,-
Kjøp av feriedagar 400,-
Søskenmoderasjon: 25% rabatt frå barn nr 2.
Alle 1.klassingar får 12 timar gratis SFO i veka, frå hausten 2022.
Søknad om plass, oppseiing og endring
Oppseiingstida er to månadar rekna frå den 01. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved reduksjon av plass. Oppseiing og søknad om endra opphaldstid gjerast same plass som når ein søker om SFOopphald. Lenke finn ein på nettsida til skulen. Spørsmål sendast til SFO-leiar, Karina Leine. k.leine(a)morealesund.no

- To veker før skulestart i august, oppstart 8. august 2022.
- Haust- og vinterferie.
- Veka etter skuleslutt i juni, til og med 30. juni 2023.
- SFO har fem planleggingsdagar i løpet av året der SFO er stengt, her i blant nokre inneklemte dagar i mai. Desse dagane ligg ikkjen inne i betalinga. SFO held stengt på skulefrie dagar rundt jul og påske.
Opningstida i feriar og fridagar er frå 8:00-16.30, med kjernetid frå 10.00-13.00. I denne kjernetida kan SFO være ute på tur. Levering og henting av barn ved SFO-basen er derfor ikkje mogleg då.
Det vert skriftleg påmelding til SFO-leiar Karina Leine for SFO i feriar og fridagar.
Pris og tilbod
5 dagar i veka, før og etter skulen og i skuleferiar kr 3250,- (betaling i 11 månader av året)
3 dagar i veka, før og etter skulen og i skuleferiar kr 2275,- (betaling i 11 månader av året)
5 dagar i veka, etter skulen og i skuleferiar kr 2550,- (betaling i 11 månader av året)
5 dagar i veka, før og etter skulen kr 2950,- (betaling i 10 månader av året)
3 dagar i veka, før og etter skulen kr 2100,- (betaling i 10 månader av året)
5 dagar i veka, etter skuleslutt kr 2400,- (betaling i 10 månader av året)
Matpengar kr 200,- pr månad kjem i tillegg.
Ved akutt eller uventa behov kan ein kjøpe enkeltdagar på SFO for kr 300,-
Kjøp av feriedagar 400,-
Søskenmoderasjon: 25% rabatt frå barn nr 2.
Alle 1.klassingar får 12 timar gratis SFO i veka, frå hausten 2022.
Søknad om plass, oppseiing og endring
Oppseiingstida er to månadar rekna frå den 01. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved reduksjon av plass. Oppseiing og søknad om endra opphaldstid gjerast same plass som når ein søker om SFOopphald. Lenke finn ein på nettsida til skulen. Spørsmål sendast til SFO-leiar, Karina Leine. k.leine(a)morealesund.no
§ 13-7.Skulefritidsordninga
Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.
Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.
Skulefritidsordninga skal ha vedtekter om
Kommunen kan krevje utgiftene til skulefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.
For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.
Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skulefritidsordning, dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen fører tilsyn med private skulefritidsordningar.

- Eigarforhold
- kven som er opptaksmyndigheit
- opptakskriterium
- opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen
- foreldrebetaling
- leike- og opphaldsareal
- dagleg opphaldstid og årleg opningstid
- bemanning og leiing