Inntaksreglement
Møre barne- og ungdomsskule Ålesund
gjeldande frå 1/8-2018.
§1 – RETTAR
Inntak av elevar ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund skjer i samsvar med § 3-1 i Friskolelova.
Alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentleg skule kan vere elev ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. Skulen har heile landet som inntaksområde.
§ 2 – PRIORITET
Søknadane vert nummererte i den rekkefylgja skulen mottek dei. Med unntak av dei søkjarane som skal prioriterast, får søkjarane plass etter søkjarnummer.
Søkar som søker om plass tidleg (gjerne så tidleg som muleg) vil dermed få plass tidleg på søkjarlista.
Elevane får tilbod om skuleplass i den rekkefylgje dei søker. Dersom søknaden til skulen er større enn kapasiteten, har born til tilsette ved Møre barne- og ungdomsskule fortrinnsrett til skuleplass med atterhald om det er plass når dei søkjer på det aktuelle trinnet.
§ 3- FRISTAR OG AVGRENSINGAR
1: Vi startar opptak av elevar ca 15. oktober, året før skulestart.
Elevar på eventuell venteliste og søknader som kjem inn etter hovudopptaket får tilbod om plass fortløpande for dei trinn som har ledige elevplassar.
2: Styret for skulen avgjer før 1. oktober kor mange elevar som skal takast inn på kvart trinn.
§ 4- PROSEDYRE
Normal prosedyre ved inntak:
Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. Forvaltningslova §28. Departementet er klageinnstans, ved Fylkesmannen. Klagen må vere skriftleg og skal sendast via skulen innan 3 veker.
§ 6- VEDTAKSRETT
Inntaksreglement og endringar på inntaksreglementet vert vedteke av skulestyret.
Vedteke av styret i sak 26/2018– 05.06.2018

- Føresette sender inn søknad på eige skjema.
- Skulen stadfestar skriftleg innan tre veker at søknaden er motteken og med opplysning om kva plass søkjaren har på søkjarlista.
- Skulen startar opptak av elevar 15. oktober året før skulestart. Opptaket skjer etter oppsett liste over innkomne søkarar. Vi sender så ut vedtak om skuleplass.
- Føresette stadfestar skriftleg på eige skjema om dei tek imot skuleplassen eller ikkje.
- Før 1. april må det betalast eit depositum som bekrefting på at ein ønsker skuleplassen. Depositumet vert rekna som ein del av skulepengane og vert avrekna mot innbetalinga av skulepengane.
- Betalt depositum vert ikkje tilbakebetalt om eleven trekkjer søknaden sin, eller ikkje møter til skulestart.
- Skulen sender melding til eleven si heimkommune.