Har ein vanlege fag på Møre?
Ja. Det er staten som godkjenner læreplanane for alle norske grunnskular, også dei private grunnskulane. Ein kan i liten grad ta vekk opplæringsmål frå Kunnskapsløftet, men står friare til å leggje til.
Får elevane skuleskyss til og frå skulen?
Dei som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett på skysskort frå fylket/kommunen.
Er det bra bussforbindelse til og frå skulen?
Skulen har gode bussforbindelse i retning Magerholm eller Moa.
Må ein vere kristen for å gå på skulen?
Nei, skulen er sjølvsagt open for ALLE! Det er ikkje krav om å meine, tru eller tenke verken det eine eller andre. Skulen arbeider med basis i dei kristne grunnverdiane og er både open og ærleg på at vi har som mål at elevane skal verte kjende med den kristne trua. Samstundes er det viktig for skulen å hjelpe elevar til både å tenkje og reflektere på eiga hand og ta eigne val.
Kva kostar det å gå på Møre?
Det kostar 12.500 kroner per år i skulepengar (ungdomstrinnet).
Når startar og sluttar skulen?
Skulen følgjer i all hovudsak skuleruta til Ålesund kommune. Med samme start, slutt og fridagar. Skuledagen startar kl. 08.25 og sluttar kl. 14.05. Ein dag i veka har vi langdag fram til kl 15.00.
Får elevane eigen PC?
Ja, elevane får «låne» ei datamaskin når dei startar i 8. klasse. Den er personleg. Dei som fullfører tre år på skulen, får maskina når dei sluttar. Elevar som sluttar før, må levere tilbake maskina, eventuelt kjøpe den ut.
Kva målform brukar skulen?
Skulen har elevar med både nynorsk og bokmål. Alle elevar får bøker på si målform. Men elevar med nynorsk og bokmål går i samme klasse.
Kva språkval tilbyr skulen?
Per i dag tilbyr skulen spansk, tysk, engelsk fordjuping og arbeidslivsfag.
Får ein dei same helsetilboda ved skulen som i den offentlege skulen?
Ja, eleven har rett på dei same skulehelsetenestene som ein har i den offentlege skulen. Helsesøster, tannlege, PPT/BUP tilbyr dei same tenestene til elevar i private skular.
Tilbyr skulen skulefrukt?
Ja
Tilbyr skulen skulemjølk?
Ja
Er det kantine på Møre?
Vi har elevstyrt kantine to dagar i veka. Inntekta av denne går til klassetur i 10. klasse for dei som står for kantina. Drifta går på omgang.