INNTAKSREGLEMENT
Møre barne- og ungdomsskule Ålesund
gjeldande frå 1/8-2024
§ 1 – RETTAR
Inntak av elevar ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund skjer i samsvar med § 3-1 i Privatskolelova.
Alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentleg skule kan vere elev ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. Skulen har heile landet som inntaksområde.
§ 2 – PRIORITET
Søknadane vert nummererte i den rekkefølga skulen mottek dei. Med unntak av dei søkarane som skal prioriterast, får søkarane plass etter søkarnummer.
Elevane får tilbod om skuleplass i den rekkefølge dei søker. Dersom søknaden til skulen er større enn kapasiteten, har born til fast tilsette ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund fortrinnsrett til skuleplass med atterhald om at det er plass når dei søker på det aktuelle trinnet. Elevar på barneskulen har automatisk rett til plass på ungdomsskulen.
§ 3- FRISTAR OG AVGRENSINGAR
· Vi startar opptak av elevar i september/oktober, året før skulestart.
· Elevar på eventuell venteliste og søknadar som kjem inn etter hovudopptaket vert vurdert fortløpande for dei trinn som har ledige elevplassar.
· Det er ikkje mogleg å søke om skuleplass til 7. klasse. Rektor kan etter skjønsvurdering gjere unntak frå denne hovudregelen.
· Styret for skulen avgjer før 1. september kvart år kor mange elevar som skal takast inn på kvart trinn.
· Elevar som har behov for særleg eigna rom må søkast inn før 1.oktober året før skulestart.
· Elevar med store og samansette vanskar som krev eigne undervisningsrom eller stort behov for skjerming, kan få skuleplass dersom skulen har fysiske rammer (rom) som gjer dette mogeleg.
· Skulen tek ikkje inn elevar i gjeldande skuleår etter 1. oktober. Rektor kan etter skjønsvurdering gjere unntak frå denne hovudregelen.
§ 5- PROSEDYRE
Normal prosedyre ved inntak:
· Føresette sender inn søknad på eige skjema på nettsida til skulen.
· Skulen stadfestar skriftleg innan tre veker at søknaden er motteken og med opplysning om kva plass søkaren har på søkarlista.
· Skulen startar opptak av elevar i september/oktober året før skulestart. Opptaket skjer etter oppsett liste over innkomne søkarar. Vi sender så ut vedtak om skuleplass.
· Begge føresette stadfestar skriftleg på eige skjema om dei tek imot skuleplassen eller ikkje.
· Når ein har takka ja til skuleplass, må det betalast eit depositum som stadfesting på at ein ønsker skuleplassen. Depositumet vert rekna som forskot på skulepengane.
· Betalt depositum vert ikkje tilbakebetalt om eleven trekker søknaden sin, eller ikkje møter til skulestart.
· Skulen sender melding til eleven si heimkommune.
§ 6- KLAGERETT
Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. Forvaltningslova §28. Departementet er klageinstans, ved statsforvaltaren. Klagen må vere skriftleg og skal sendast via skulen innan 3 veker.
§ 7- VEDTAKSRETT
Inntaksreglement og endringar på inntaksreglementet vert vedteke av skulestyret.
Vedteke av styret i sak 18/24