Litt om oss... |
Møre barne- og ungdomsskule
er ein kristen friskule som for tida har 193 elevar og 50 tilsette. Skulen ligg på Hatlehol i Ålesund kommune, men vi tek imot elevar frå andre kommunar også. Dette skuleåret har vi elevar frå Giske, Sula og Sykkylven i tillegg til Ålesund. Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet med det kristne verdigrunnlaget for skulen.
Frå hausten 2025 har vi klasser på alle trinn i barne- og ungdosmskulen. Ungdomsskulen har to klasser på kvart trinn, medan barneskulen har ei klasse pr årssteg.
På barnetrinnet underviser vi i nynorsk for alle elevane. På ungdomstrinnet er det valgfritt om ein vil ha nynorsk eller bokmål.
Skulen er driven med statlege tilskot og foreldrebetaling, og du kan lese meir om det her .
For å bli elev hos oss, må du søke om plass, og opptak skjer hausten før oppstart. Søker du i god tid, aukar sjansen for å få plass, sidan vi tek inn elevar i den rekkefølge søknadene er komne inn. Du kan søke når som helst på året, og mange søker inn barna frå dei er veldig små.
Vil du søke om plass, kan du trykke på knappen nedanfor.

Våre verdiar:
På Møre barne- og ungdomsskule vil vi...
- sjå den enkelte og gjere kvarandre gode
- søke kunnskap og opplev meistring
- engasjere og utfordre kvarandre
- vere rause og vise omsorg
- la kristne verdiar kome tydeleg fram
Møre barne- og ungdomsskule starta i 1996, og vil du vite meir om historia, kan du lese her.
Møreskular på Sunnmøre
Det er tre Møre-skular i området vårt. I tillegg til vår skule er det Møre barne og ungdomsskule Skodje, som held til i Brusdalen, og Møre barne og ungdomsskule Herøy som ligg i Dragsund på Søre Sunnmøre. Vi har også samarbeid med Molde Friskole. Her finn du meir info om Møre- skulane.