Vi ønskjer ein skule der barna får blomstre og utvikle seg i eit trygt miljø med trygge vaksne som ser kvar enkelt! Uteskule Barneskulen har stort fokus på uteskule og alternative læringsarenaer. Vi vil ha ein fast uteskuledag i veka og uteaktivitetar kvar dag. Vi ønskjer å bruke det fantastiske nærmiljøet vårt på tvers av faga og gjennom heile skuleåret. Vi har eit stort uteområde rundt skulen og kort veg til fjøre og skog. Dette åpner for mange gode læringsarena med læring gjennom leik, aktivitet og utforsking! Lese- og skriveopplæring Vi legg vekt på ei systematisk lese- og skriveopplæring. Språkverkstad vil ha ein sentral plass i undervisninga der omgrepslæring, skrive seg til lesing og rettleia lesing er viktige nøkkelord. Kombinasjon av uteskule og lese- og skriveopplæring gir unike muligheter. Tenk å kunne avslutte turen i fjøra med elevane sine eigne forteljingar om sine oppdagingar. Eller arbeide med vekas bokstav gjennom å ta bilete av det ein finn ute. Eller lage små og store bokstavkunstverk i fjøra eller i skogen. Variasjonane er mange. Kristent verdigrunnlag Skulen sitt verdigrunnlag byggjer på det kristne livssynet, og dette ønsker vi skal komme til uttrykk gjennom skulekvardagen, i undervisninga og møte med den enkelte elev og heimane deira. Dette tyder mellom anna at vi startar skoledagen med å be ei fast bønn og har morgonsamling med ord for dagen eller forteljingar der kristne verdiar kjem til syne. Trivsel og godt læringsmiljø Vi ønsker å vere tydelege vaksne som ser barnet ditt. Vi er opptatt av at alle skal trivast, føle seg trygge og oppleve å bli sett og høyrt. Eit trygt miljø med mykje glede danner grunnlag for eit godt læringsmiljø. Dette vil vi gjere vårt beste for at barnet ditt skal ha! |