Skulefritidsordning
Skulen har tilbod om skulefritidsordning - SFO.
Åpningstid
SFO er åpen skuledagar frå kl.07.30 til skulestart, og frå skuleslutt til kl.16.30.
Skulen startar kl. 08.30 kvar dag. Skuleslutt kl. 14.00 (måndag, tysdag og onsdag) og kl.13.15 (torsdag og fredag).
SFO er open alle skuledagar og frå skuleåret 2022/2023 vil SFO også ha tilbod i følgjande skulefrie dagar/veker:
Opningstida i feriar og fridagar er frå 8:00-16.30, med kjernetid frå 09.00-13.00. I denne kjernetida kan SFO være ute på tur. Levering og henting av barn ved SFO-basen er derfor ikkje mogleg då. Ein melder seg på til skulefrie dagar/veker skriftleg til SFO-leiar Karina Leine.
SFO-base
SFO har base på det klasserommet som har tilknyting til skolekjøkkenet. Vi har fleire aktivitetar vi tilbyr barna, blant anna: matlaging, fysisk aktivitet/leikar ute og inne, danseparty, spel og ulike former for hobbyaktivitet. Mest av alt legg vi til rette for den viktige frie leiken som barn treng.
SFO bruker same inngang som i skoletida.
Skulen har stort og fint uteområde som også SFO disponerer.
Måltid
Det blir servert mat på SFO kvar dag. Det er varm mat på menyen ein dag i veka. Dei andre dagane serverer vi brødmat eller anna lunsjliknande mat.
Frå hausten 2022 gjeld følgjande prisar:
5 dagar i veka, før og etter skulen og i skuleferiar kr 3250,- (betaling i 11 månader av året)
3 dagar i veka, før og etter skulen og i skuleferiar kr 2275,- (betaling i 11 månader av året)
5 dagar i veka, etter skulen og i skuleferiar kr 2550,- (betaling i 11 månader av året)
5 dagar i veka, før og etter skulen kr 2950,- (betaling i 10 månader av året)
3 dagar i veka, før og etter skulen kr 2100,- (betaling i 10 månader av året)
5 dagar i veka, etter skuleslutt kr 2400,- (betaling i 10 månader av året)
Kjøp av feriedagar kr 400,-
Matpengar kr 200,- pr månad kjem i tillegg.
Det er 25% søskenmoderasjon frå barn nummer to.
Alle 1.klassingar får 12 timar gratis SFO i veka frå hausten 2022.
Ved akutt eller uventa behov kan ein kjøpe enkeltdagar på SFO for kr 300,-
Søknad om plass, oppseiing og endring
Oppseiingstida er to månadar rekna frå den 01. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved reduksjon av plass.
Søknad om SFO-opphald finn du her. (Du må logge inn)
Om du treng å gjere endringar eller seie opp plassen, bruker du same lenke som når du søker om SFO-opphald.
Årsplan for SFO finn du her. Den fortel om våre verdiar og korleis SFO skal vere. Her finn du og meir praktisk informasjon om SFO.
Vedtektene for SFO finn du her.
Spørsmål sendast til SFO-leiar Karina Leine.
k.leine(a)morealesund.no

- 2 veker før skolestart i august, oppstart 8. august 2022.
- Haust- og vinterferie.
- Veka etter skuleslutt i juni, til og med 30.juni 2023.