Skulestart 2024
Det nærmar seg skulestart, og vi gler oss til å treffe alle igjen.
Første skuledag etter ferien er måndag 19. august. Dei som starter i første klasse skal møte klokka 09.00
Alle andre møter til vanleg tid. Ungdomsskulen har oppstart klokka 08.25 og barneskulen klokka 08.30
Vi ser fram til ein fin haust med mykje kjekt i lag.
Første skuledag etter ferien er måndag 19. august. Dei som starter i første klasse skal møte klokka 09.00
Alle andre møter til vanleg tid. Ungdomsskulen har oppstart klokka 08.25 og barneskulen klokka 08.30
Vi ser fram til ein fin haust med mykje kjekt i lag.
Vi har ledige plassar komande skuleår! Både i barneskulen og i ungdomsskulen
Vurderer du å søke? Det er lurt. Vi har auka kapasiteten vår og tek inn fleire klasser og elevar enn tidlegare. Dermed er det større sjanse for å få plass, sjølv om du er ny søkar. Vi tek i mot søknadar både for komande skuleår (24/25) og alle år som kjem etter det. Du kan søke om plass på alle stega i ungdomsskulen og frå 1. - 6. trinn i barneskulen komande år. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ønsker å kome innom for å sjå korleis vi har det.
Bruk søkeknappane lenger oppe på sida.
Bruk søkeknappane lenger oppe på sida.
Friskulane har vunne fram!
Alle elevar i kombinerte skular får ungdomsskulesats. Dette er bra for barneskulen!
Alle kombinerte skuler med meir enn 45 elevar får eit ekstra "kombinertskuletillegg" for elev nr 46 til 90. Vi må sjå på dette som ein seier, og ser lyst på framtida. Dei tilsette ved Møre Ålesund held no fram arbeidet med å bygge ein god, trygg og berekraftig kristen barne- og ungdomsskule i Ålesund. Møre barne- og ungdomsskule vil og skal vere meir enn ein skule, og gler oss over alle dei flotte elevane våre. |
Vikarer søkesVi har behov for lærervikarer på ungdomstrinnet, både for korttids og lengre engasjement. Ta kontakt med oss om du er lærer med ledig kapasitet, eller tips noen du kjenner som kan være aktuelle. Haster!
Send gjerne en epost til avdelingsleder Dagfinn Fredly - d.fredly (a) morealesund.no eller ring 70176670 |
Storsatsing på Møre barne- og ungdomsskule
Trykk på overskrifta for å høyre meir om det som skjer.
Vi er godt i gang med nytt skuleår. Det skjer mykje spanande inne og ikkje minst ute. I løpet av september står ny fotballbane klar; fullstørrelse 7'er bane med miljøvenleg dekke, og om ikkje lenge vil Ålesund sitt argaste leikeapparat stå klart.
Det skjer mykje innvendig. Vi får no innreia andre etasjen av nyebygget, og før jul vil vi kunne ta i bruk nye, moderne klasserom og grupperom med tilhøyrande utstyr. Det viktigaste er likevel dei som skal bruke dette flotte bygget og skuleområdet. Elleve nye 1.klassingar har starta skulegang, 2. -5.klasse veks og får ta del i spanande aktivitetar i møte med trygge gode vaksne. Vi er stolte av alle elevane og alle dei tilsette, og vi har plass til fleire både i barneskulen og ungdomsskulen. Møre barne- og ungdomsskule er meir enn ein skule. |
|
Seier for demokratiet og starten på kampen for rettferdig finansiering av friskulane
Nrk:
|
Vi trur at elevar som er aktive og får oppleve variert undervisning i varierte omgivnadar lærer betre. Vi flyttar undervisninga ut så ofte det let seg gjere. Vi har inngått samarbeid med Friluftsrådet om positive aktivitetar gjennom "Leikepatruljen" og "Slå på ringen" prosjektet. Elevar på 5. steget har fått kursing og opplæring i å leie ulike leikar og aktivitetar i friminutta. Alle 8.klassingane har delteke på leike og aktivitets timar saman med friluftsrådet, og alle lærarar, både på barnesteget og i ungdomsskulen, er kursa i aktivitetar som kan brukast som variasjon i både klasserom og ute i friluft.
|
|
Mobilfri skuleMøre barne- og ungdomsskule Ålesund er ein mobilfri skule. Mobilen kan bli brukt som digitalt læremiddel i samarbeid med lærar, men gjennom skuledagen er telefonen lagra i sikre og gode mobilskap utvikla i lag med RUFO i Hovdebygda.
|
|
|
Du finn oss
|
Velkommen til Møre ÅlesundEin stor og flott gjeng tilsette jobbar kvar einaste dag for at elevene skal ha ein god skulekvardag.
Det er framleis ledige plasser i nokre klasser for komande skuleår. Ta gjerne kontakt! Hjarteleg velkommen! |